Vi er alltid på jakt etter dyktige og kundeorienterte medarbeidere og vil gjerne komme i kontakt med potensielle kandidater som ønsker en karriere hos oss.
Har du lyst til å leie ei salsavdeling som forhandlar ei av de sterkaste merkevarene i bransjen?
Ynskjer du å jobbe i ei av fylkets leiande bilbedrifter i ein bransje i rivande utvikling? Du vil verte med på å lansere mange nye spennande Toyota-modellar frå verdas største og beste bilprodusent.
For at du skal trivast hos oss må du like å jobbe med menneske, tenke proaktivt og ha evna til å skape entusiasme. Om du motiverast av å jobbe hardt for å få gode resultat for deg sjølv og bedrifta kjem du til å lykkast hos oss.
Vi søkjer ein handlings- og kundeorientert leiar som vil få overordna resultat- og budsjettansvar for sal av nye og brukte bilar med tilhøyrande aktivitetar, samt oppfølging av selgarteamet. Salssjefstillinga vil ha eigne salsmål og ha ansvar for marknadsføring og marknadsaktiviteter i samarbeid med våre avdelingar i Måløy og Stryn.
• Planlegge og leie Toyota Førde sitt sals- og kundearbeid, gjennom coaching av selgarar
• Motivere og vidareutvikle avdelinga sitt salsteam
• Planlegge marknadsaktivitetar, deltaking i kundemøter og forhandlingar
• Aktivt delta i å utvikle salsavdelinga gjennom nye prosessar og sjølv delta i sal av bilar
• Budsjett- og resultatansvar
• Salssjef vil ha eigne salsmål
• Sikre kvalitet og gode kundeopplevingar
• Stillinga inngår i selskapet si leiargruppe
• Stor interesse for bilbransjen
• Resultatorientert, med fokus på kundetilfredsheit
• Gjerne marknads- og økonomisk utdanning
• Gode It-kunnskapar og erfaring med digitale arbeidsflater
• Dokumenterte resultat innan sal
• Erfaring frå bilbransjen
• Du er utadvendt og god til å motivere
• Du er sjølvstendig, initiativrik og likar å involvere deg i ulike prosessar
• Du er strukturert, har høg arbeidskapasitet og høg gjennomføringsevne
• Du er god til å byggje relasjonar
• Du har gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og muntleg
Vi tilbyr ein spennande og utfordrande jobb saman med engasjerte og dyktige kollegaer. Du får muligheiter for jobb- og produktrelatert etterutdanning, og saman med oss vil du jobbe i eit offensivt og framtidsretta bilmiljø med flotte produkt.
Vi har gode betingelsar for våre medarbeidarar med forsikringsordningar og sosiale tiltak.
Vi er opptatt av å ha dyktige medarbeiderar som trivast og kan prestere bra saman. Vi har nye flotte lokale i Førde der vi flytta inn i september 2016.
CV, vitnemål og søknad sendes til dagleg leiar
Ørjan Solvang, oerjan.solvang@nordfjord.toyota.no
Frist: 16. februar 2024
Ørjan Solvang, Dagleg leiar
Tlf. 90935775, oerjan.solvang@nordfjord.toyota.no
Arild Russenes, Avdelingsleiar Førde
Tlf. 400 65 708, arild.russenes@ttf.no