Spar ti-tusenvis av kroner med elektrisk varebil

Proace Electric er Toyota sin første heilelektriske varebil på den europeiske marknaden. Og med Enova-støtte til bedrifter som vel elektrisk varebil vart den raskt populær.

– Myndigheitene har lagt til rette for at dette er ein attraktiv bil å kjøpe i høve pris. I starten fikk ein 50 000 kr. i tilskot frå Enova om ein valte topputgåva av Proace Electric. Det gjer den til ein gunstig bil for bedrifter. Tilskotet har gått ned litt, men ein får framleis rundt 33 000 kr. for topputgåva, seier Stein Vidar Vie, dagleg leiar i Toyota Førde.

Selde godt, sjølv før den kom

Norges-lanseringa var på hausten 2020, men salet starta før bilen fysisk var i butikken.

– Vi fikk inn bilen til årsskiftet, så vi kom for alvor i gang på nyåret. Men interessa var stor også før dette. Mange kjøpte Proace Electric før dei kunne prøve den. Det syns vi er særs positivt. Det viser at kundane har tillit til Toyota – og at Proace har ein god standing ute blant kundane. Til no har vi levert ut eit titals bilar, seier Stein Vidar.

Valte Proace Electric i lang versjon

Ein av desse nye Proace Electric vart selt til Chatlet Sport 1 Førde.
– Vi hadde ein Proace, som vi var godt nøgde med, men den byrja å dra på åra. Proace Electric kom på marknaden på eit tidspunkt som passa oss veldig godt. Vi treng ein stor bil, så vi valte den lange versjonen, med 6,3m3 lasterom. Vi fraktar blant anna tredemøller, som tek mykje plass, og vi hentar og køyrer ut syklar som skal på service. I tillegg har vi med oss mykje når vi skal på stand på ulike arrangement. Proace Electric dekker behova våre på ein god måte, seier dagleg leiar, Roger Aase.

Elektrisk er framtida

– Kvifor valte du elektrisk varebil?

– At den er elektrisk er eit pluss. Det er framtida. Vi har lademoglegheit i kjellaren på Elvetorget, så vi kjem alltid til full-lada bil om morgonen. Elektrisk gir oss mindre å tenke på og mindre vedlikehald, seier han og fortel at dei er godt nøgde med bilen.

 – Den er lett å køyre, har god plass og dekker vårt køyremønster på ein god måte. Vi bruker den blant anna til å hente og levere syklar som skal på service, både til privatkundar og kommunen, og til vareutlevering. Det er mange kundar som ønskjer levering på døra under pandemien, så vi har valt å køyre ut varer gratis i Sunnfjord, fortel han.

Inga tilfeldigheit at dei valte Toyota

Det er ikkje første gang dei handlar på Toyota, og ikkje siste heller.
– Eg har alltid handla med Toyota. Vi er godt nøgde med service, bilar og tilgjengelegheita, om det skulle vere noko, seier han og skryt av Stein Vidar Vie.

– Han er eit servicemenneske av dei sjeldne. Det er mykje av grunnen til at vi vel å handle der. Han stiller opp for kundane sine, er alltid tilgjengeleg, og har gode råd og løysingar på det vi lurer på. Så då blir det Toyota, seier Roger.  

Valte Proace Electric når dei skulle kjøpe sin første Toyota

I fjor vår byrja også varebilen til Kontorspar Førde å trekke på åra. Difor byrja dei jakta på ein ny. Det enda med at dei kjøpte sin første varebil frå Toyota: Ein Proace Electric, i lang utgåve, som skal nyttast til varelevering i Sunnfjord/Ytre Sogn.
– Vi bestemte oss på førehand for at vi ville ha ein elektrisk varebil. Kontorspar Førde er Miljøfyrtårn-merka, og i høve anbod er det ein fordel. Dette blir enno viktigare i framtida, så vi såg elektrisk som det rette valet. Når vi byrja prosessen såg vi at Proace Electric skulle komme på bana i løpet av hausten. Den virka spennande, så etter å ha sjekka ulike bilar valte vi å kjøpe Proace Electric i lang utgåve, med den største batteripakka, seier han og fortel at i tillegg til miljøomsynet, såg dei fleire fordeler med elektrisk varebil.
– Ikkje minst har det ei økonomisk side, i form av reduserte kostnadar på bompengar, drivstoff og slike ting. Enova-støtta ein får spelar også inn. På den utgåva vi kjøpte utgjorde det 50 000 kr. Det er klart det spelar inn, det gir mykje bil for pengane.
 

Debuterte elektrisk midt i sprengkulda
Etter ein god månad i bruk, har bilen vore flittig i bruk.  
– Vi brukar den til utlevering av varer til kundane våre, primært i Førde-regionen, men vi har også vore mykje i Florø, Jølster og Ytre Sogn. Vi fikk bilen ei god veke ut i det nye året, nett då sprengkulda kom. Det var litt av ei timing, seier han og ler.
– Sprengkulda gjorde til at vi måtte tenke oss litt om i høve rekkevidde, men det gikk heilt fint. Vi valte den største batteripakken, fordi vi ville ha ein bil som rakk rundt på dei lengste rundane våre, seier han og let vel over komfort og lasteeigenskapane til Proace Electric.  

– Den er særs god å køyre, så vi er godt nøgd med bilen. Varebilar har nesten teke igjen personbilar på komfort, så det er ikkje noko problem. I og med at vi har ein lang versjon, så får vi også med oss meir varer enn før. Den gamle var litt knapp på plass, så då måtte vi opp i den store lastebilen for å få med alt i blant. Det har blitt mykje betre. Vi får no inn to heile pallar, samt litt småplukk, utan problem.

Ny og spennande marknad

Elektriske nyttekøyretøy opnar ein ny og spennande marknad for Toyota Førde.

– For personbilar er el-bilmarknaden stor og veksande. På nyttekøyretøy er dette ganske nytt for oss, så vi veit ikkje kor stort potensialet er enno. Det vi veit er at det er mange firma i vår region som kan køyre Proace Electric, så vi har trua på at dette skal bli veldig bra. Tilbakemelding frå kundane våre er at dei er godt nøgde med bilen, seier han og held fram.

– Dette er eit ledd i det grøne skiftet vi er inne i. På personbil har ein komme eit godt stykke, og på nyttekøyretøy vil vi sjå meir av dette framover. Vi er tidlig ute med elektrisk nyttekøyretøy. Proace Electric er ein bil som tek stor nyttelast, er fleksibel i storleik og har grei rekkevidde, så vi trur dette er ein bil som treff næringssegmentet veldig bra. Og så er det jo eit pluss at næringskundar får Enova-støtte når dei kjøper den, seier Vie.  

Faktaboks Proace Electric

PROACE ELECTRIC - ELEKTRISK VAREBIL

Proace Electric er ein heilelektrisk varebil frå Toyota, med mål om å gjere arbeidskvardagen enklare for bedrifter og organisasjonar som er avhengig av å kunne bruke varebilen i bykjernar og for dei som ønsker lave drivstoffkostnader.

Proace Electric blir levert med to ulike batteripakkar, slik at du kan velje det som passar ditt behov. Begge batteripakkar er av litium-ion typen, og leverer høvesvis 50 kWt eller 75 kWt. Disse vil ha 219 og 314 km rekkevidde (WLTP)*. Det er tilrettelagt for å kople opp mot hurtig-ladarar, eller via kabel som følger bilen til veggboks eller stikkontakt, slik at du har straum når du treng det. 

Proace Electric kjem i kort, medium og lang karosserilengde samt to utstyrsnivå: Basic og Comfort. Lasterommet strekk seg frå 4,6 m³ for Compact, 5,3m³ for medium og 6,1 m³ for den lange versjonen. I tillegg har den alle dei gode og praktiske eigenskapane til Proace, som til dømes eit firkanta og romslig lasterom og mange små og praktiske varerom for mindre kolli.

Dette bør du vite om Proace Electric

·       Same vel-fungerande ettermarknads-apparat som resten av Proace-familien

·       Utstyrt med ein elektrisk parkeringsbrems og ein 6-meters ladekabel

·       Nyttelast på opptil 1000 kg og tilhengarkapasitet på 1000 kg

·       Rekkevidde på 219 eller 314 km (WLTP)*

·       Om du vel Proace Electric som din neste varebil kvalifiserer du til klimastøtte frå Enova.

Ta kontakt med oss i dag, så skal vi fortelje deg meir om din neste firmabil.